
Downlights
I vindfang, gang, bad og WC har vi valt downlights som belysning.

Til sals · Tindegrenda · Stryn
Ei moderne familiehytte med stor stove, fire soverom, 2 bad, badstu og uforstyrra utsikt mot fjellheimen i Stryn - rett nord for Hydlaparken (klatrepark) og Stryn Vinterski anlegg.
Prisantyding
7 490 000 kr
BRA
130 m²
Tomt
1 030 m²
OPPGRADERT HYTTE
Hytta er romsleg og funksjonell, perfekt for storfamilien eller for deg som ønskjer å samle både familie og vener under same tak. Med fire soverom, to bad og eiga badstu er det god plass til alle.
Den store og opne stove-/kjøkenløysinga har ein peisomn som naturleg midtpunkt, og gjev ein lun og sosial atmosfære. Stovedelen har open himling og ein imponerande fasade med store vindaugsflater, som slepp inn rikeleg med lys og gjev ei fantastisk romkjensle.
Frå vindfanget er det praktisk inngang to vaskerom/bod, og eit overbygd inngangsparti gjev ly for vêr og vind. Hytta kombinerer komfort, funksjonalitet og estetikk.
Sjå teikningar (PDF)Interiør
Illustrasjonsfoto
Vi gjer merksam på at bileta i prospektet berre er nytta som illustrasjon.
Eksteriør
Illustrasjonsfoto
Vi gjer merksam på at bileta i prospektet berre er nytta som illustrasjon.
Plassering
Hytta ligg rett ved Hydla Klatrepark og Stryn Vinterski, med flott turterreng rett utanfor døra sommar og vinter, anten til fots, ski eller sykkel. Feltet hytta ligg i er sørvendt med fantastisk utsikt. Det er kort veg til Stryn sentrum der du finn matbutikkar, kafear og andre tilbod.
Tomta
Hytta ligg på tomt 24 i Tindegrenda Stryn — sentralt plassert i hyttefeltet med kort veg til løypenett, fellesareal og naturen rundt. Tomta er på 1030 m² og ligg 400 moh.

Leveransebeskriving
Standarden er lagt på eit nivå som gjer deg trygg på teknisk utføring, funksjonalitet og design.

I vindfang, gang, bad og WC har vi valt downlights som belysning.

På golvet i vindfang, WC-rom og bad har vi lagt varmekablar og fliser i storleiken 60×60. Flisene er gjennomfarga, har solid slitestyrke, og den grå/svarte fargen skaper ein nøytral heilskap som er lett å kombinere. Same flisen finn du på veggane i dusjen.

Hytta har vegghengde toalett. Innbyggingssisternen vert levert med ein vasstett bag som tryggleik for bruk i rom utan eigen sluk — ei løysing godkjend av Sintef Byggforsk.

Kjøken er frå leverandøren Hjelle. Type Unik med benkeplate heiltre eik.
Rom for rom
Elektrisk installasjon
Denne leveransen omfattar komplett elektrisk installasjon i ny hytte. Alt arbeid blir utført i samsvar med gjeldande forskrifter (NEK 400) av registrerte og godkjende installatørar.
Sjå heile leveransebeskrivinga for utvendig leveranse, vindfang, bad, kjøken, stove, soverom og teknisk rom.
Last ned PDF
Kontaktperson
Privat visning av hytta etter avtale. Ring eller send e-post til Fredrik Vinsrygg – vi står klar til å vise deg denne flotte hytta i Stryn, når det måtte passe deg!
Hytta er eigd av Peak Retreats AS.

Salg og visning
Finn-kode
Kommer